Eltako FSRP-230V rekkjeviddeforlengjar for EnOcean til sals

Eg sel ein Eltako FSRP-230V rekkjeviddeforlengjar for EnOcean sidan eg ikkje brukar EnOcean lenger. Eg kjøpte han opphavleg grunna at eg hadde ein FH modusbrytar (av den gamle typen) som sleit med å prate med smarthuben grunna lang avstand. :slight_smile:

Denne er heilt “plug and play”, det er berre å setje han i ei vanleg stikkontakt. Der er gjennomgang slik at du får bruka stikkontakten som vanleg.

Nypris i juli i fjor var cirka kr 670,- (rekna om frå Euro, eg kjøpte han på eibmarkt.com). Eg sel han for kr 250,- pluss frakt. :slight_smile:

OT: er du på ny hub nå @Torfinn ? :astonished: :grin:

1 Like

He he, ikkje rart du spør! :sweat_smile:

Eg er på gamal hub enno, men har den nye liggjande klar og kjem til å oppgradere temmeleg snart. Eg ventar berre på at ny app skal få støtte for å styre smekklås på ID Lock. Fram til det kjem så vert det noko knotete for meg å oppgradere.

Eg har uansett skifta ut båe modusbrytarane mine med Z-Wave-utgåva for å vere klar til overgangen, så difor treng eg verken dei eller denne dingsen her lenger. :grin: Så då er det betre viss nokon andre kan ha bruk for dei. :wink:

2 Likes

Så absolutt :grin: kan jo prøve deg på smarthus og iot gruppen også- tror det er andre en FH som støtter enocean også :blush: Gled deg til zigbee mulighetene :clap::clap:

1 Like

Jau, tenkte etter kvart å leggje dette ut litt fleire plassar. Greitt å auke nedslagsfeltet noko. :wink:

Ser fram til å kunne begynne å bruke Zigbee, ja! :+1: Har nokon planar så snart eg får ny hub opp og stå. :blush:

1 Like

…Hvis fruen din trodde det var mange enheter i nettet ditt før, skal hun få et artig nyttår :rofl:
Samboere syns jo alltid smarthus er “kjempekjekt” :stuck_out_tongue:

(Skal sies at min er blitt tilvendt, OG hun kan styre plantelysene sine problemfritt - og det er kjempehøy WAF i mitt tilfelle)

1 Like