Forslag til forbetringar og vidareutvikling for FH

Eg har lenge tenkt på å skrive ein tråd om kva det er eg saknar mest i Futurehome for at systemet skal nå «neste nivå» for vår del. Systemet fungerer stort sett bra heime hjå oss, men eg ser likevel enormt mykje potensiale for vidareutvikling. Eg vonar difor at dette ikkje vert sett på som kritikk og negativitet, men berre som eit positivt innspel for korleis eg meiner ting kunne blitt gjort endå betre og løfta FH mange hakk. :+1:

Eg har tenkt på nokon forskjellige ting som eg set opp punktvis under her som mi ynskjeliste for framtida til FH. :blush:

«Smartare smarthus»

Slik som det er no så fungerer FH fint til å styre ljos, varme, dørlåsar, og mange andre ting. Det har på mange måtar gjort livet lettare for oss, og har nok spart inn både tid og pengar for oss opp gjennom åra. Likevel så er det ein del ting eg saknar for at eg verkeleg kan kalle huset vårt for eit «smarthus». Her er nokon døme på kva eg tenkjer på:

Ofte når me byter modus, køyrer ein snarveg eller liknande, så er det ljos som ikkje vert slått av/på som dei skulle, dører som ikkje vert låst att/låst opp som dei skulle, og så vidare. Her saknar eg at systemet kunne vere meir proaktivt – FH har alle data som trengst for å vite kva som skal vere status etter, til dømes, eit modusbyte.

Når me byter til nattmodus skal alt ljos utanom utelampene vere av. Då bør ikkje systemet berre «gje blaffen» viss der plutseleg er to-tre ljos som ikkje har slått seg av. Då bør automatikken prøve fleire gonger å slå av desse ljosa, og så til slutt gje oss beskjed viss dette ikkje er mogeleg (feilmelding).

Det same med låsar. Per i dag så tør ikkje eg reise frå huset når eg har bytt til bortemodus utan å manuelt sjekke at alle låsane låser seg. Ein burde kunne stole blindt på at slikt går i orden, og at ein får eit skikkeleg tydeleg varsel viss ikkje.

Eit system som lærer

Det hadde vore veldig artig viss huset kunne lære av vanane til dei som bur der.

Kanskje me dimmar ned ljoset i stova rundt klokka sju kvar kveld? Kva med å få eit forslag om å opprette ein automasjon som gjer dette for oss?

Kanskje der er eit rom me oppheld oss lite i, men som har høg romtemperatur. Kva med å få eit forslag om å skru ned temperaturen her?

Kanskje me har eit vindauga som står mykje ope, noko som fører til at oppvarminga slår seg på unødig? Kva med å få eit forslag om å opprette ein automasjon som skrur ned varmen i det aktuelle rommet medan vindauga er ope?

Dette er berre nokre få idear som eg tok ut av lufta. Her tenkjer eg der er eit veldig stort potensiale! :+1: Det hadde vore veldig moro viss huset kunne «lære oss å kjenne» på denne måten, og bidra med forslag til å gjere kvardagen enklare, meir økonomisk og/eller meir effektiv.

Kjapp justering av parameter

For mange Z-Wave-einingar så er parameter ein god (og stundom naudsynt) måte for å få finjustera ting og tang. Per i dag så er dette vanskeleg tilgjengeleg for folk som ikkje har stor innsikt og interesse for å grave seg ned i systemet.

Her hadde det vore fint med ei innstillings-side for aktuelle einingar der ein kunne endre parameter via rullegardinmenyar, sliderar og/eller knappar. Ikkje berre hadde dette gjort det enkelt å sjå kva mogelegheiter ein har og justere på desse, men ein ville òg kunne sjå veldig lett kva som er status for dei ulike parameter.

Her hadde det òg vore fint å ha ei mogelegheit for å kunne justere alle parameter likt for alle einingar av same type. Til dømes så vil ein gjerne endre på dei same parameter for alle termostatar, alle multisensorar, og så vidare.

Dette punktet heng òg saman med det førre punktet («Eit system som lærer»): Kanskje så merkar systemet at multisensorane lagar mykje støy på nettverket grunna høg oppdateringsfrekvens. Kva med å få eit forslag om automatisk justering av parameter X og Y for å redusere trafikken?

Oppsummering

Dette er dei tinga eg har tenkt mest på i den seinare tid. Eg veit ikkje kor lett eller vanskeleg det er å få til desse tinga, men viss (i alle fall noko av) dette hadde vore råd å få til så meiner eg det hadde lyfta systemet skikkeleg.

Viss andre har tilsvarande idear og forslag, eller eventuelt kommentarar til forslaga mine, så er det berre å hengje seg på denne tråden. :smiley: :+1:

18 Likes

Bra skrevet @Torfinn :blush::+1:t2: og som vi snakket på, større valgmuligheter for å definere hva en ting er eller skal legges under slags kategori.

4 Likes

Bra skrevet står 100% bak forslagene, er også andre ting eg kunne tenke meg som:

  • En side som viser batteristatus for alle enheter med fokus på de som snart må byttes.
  • En side som viser oversikt over eksisterende assosiasjoner
  • En side som viser hvilke enheter som ikke en har mottatt livstegn fra på en stund
  • Kunne gå inn på en enkelt automasjon og sett historikk for når denne har trigget og status på hva den trigget.
7 Likes

Visning av hvilke parameter enheten er innstilt på i appen ville vært fint å få tilbake igjen. Og hvis en enhet har fått softwareoppdatering fra leverandør ville det vært fint om man i FH kan hente ut software versjonen som er installert (så lenge FH ikke støtter enkel OTA oppdatering kan man noen ganger bli usikker på hvilke versjon som er installert på produkter som har vært i markedet i mange år, der produktet kanskje har fått nyere og nyere software versjon fra fabrikk - og der parameter kan ha blitt endret på underveis).

5 Likes

Veldig enig, @Torfinn :blush: Veldig bra skrevet!
Alle disse punktene hadde vært helt supre og ha :ok_hand:
Litt optimistiske, men hva har man vel drømmer for :partying_face:

2 Likes

Helt enig,. Det er mye som absolutt ikke fungerer slik det skal. For min del, pga bygget jeg bor i, kan jeg ikke ha HAN sensor på strømmåler,. det stopper da ALL smart styring av varmtvannsbereder, med oppkobling til strøm markedet slik jeg forstår det. Kan selsvagt legge inn en std automasjon med av og på til fast tidspunkt, men det er bare ikke en bra nok løsning. Det er egentlig ikke mye smart med dette systemet.

Veldig bra innspill. AMEN til alle disse synspunktene! :+1::smiley:
Synes kanksje også at app’n kunne vært litt mindre «nervøs». Det hender ofte at jeg endrer på lysinnstillinger når jeg skal sveipe opp/ned.
Ellers fornøyd med smartbolig! :index_pointing_at_the_viewer::star_struck:

4 Likes

Veldig mye bra her! :clap:

La meg også føye til at jeg fortsatt savner sterkt noe så enkelt som å kunne sortere rom/etasjer/enheter etter eget ønske, dette forstår jeg overhodet ikke hvorfor vi ikke kan. Det burde være mulig å bare trykke og holde på et element og dra det til en annen plass i rekkefølgen.

5 Likes

Mange gode og konstruktive forslag her :smiley:
Jeg er helt i startfasen som bruker av FH-systemet og har egentlig ikke så mye å bidra med / legge til - bortsett fra på ett område.
For mange år siden, dvs før “alle” smarthussystemene kom kun med brukergrensesnitt på mobil, startet jeg med enkel automatisering med et system som var laget av telldus.se.
Telldus hadde - i tillegg til mobilgrensesnittet - også et enkelt, men mye mer oversiktlig PC-grensesnitt.
Det er mulig jeg er litt gammeldags, men jeg synes generelt ikke at en liten mobilskjerm - om enn blant de største - egner seg noe særlig til å få god oversikt over (alle) enheter, statuser, automasjoner osv.
Så pleeeeease, FH, finn på et fint og gjerne grafisk PC-/ nettbrettgrensesnitt.
Dette ville løfte brukervennligheten mange hakk.

5 Likes