Problem med Z-TRM2fx som ikkje oppdaterer seg som dei skal

Då eg vakna i dag til morgonen la eg merke til at det var uvanleg kaldt i eit par rom i huset. Eg tenkte det berre hadde å gjere med vêromslaget. Då eg kikka på den eine termostaten så stod det 23°C på han (alle termostatane våre er sette opp til å syne temperaturen i golvet). Eg visste at settpunktet til termostaten sto på 22°C, så eg tenkte eg skulle skru opp med ei grad.

Så snart eg hadde gjort dette så endra displayet seg, og no synte termostaten 18,5°C i golvet, og begynte med ein gong å varme. Den hang med andre ord fast på feil verdi.

Etter å ha sjekka litt så fann eg i alle fall tre termostatar til av same typen som hadde same problemet. Eit par trykk på knappane for å “vekkje” termostaten får dei til å begynne å oppføre seg som normalt att.

Er det nokon andre som opplever dette? Det er ikkje noko særleg bra at dette skjer…

Når eg set heimemodus i FH kvar morgon så skal systemet oppdatere settpunkt for alle termostatane. Dette er då tydelegvis ikkje nok til å vekkje dei opp frå denne snodige dvalen…

Har vært borti det på trm2fx noen ganger ja, uten at jeg skjønner helt hvorfor🤔

1 Like

Akkurat. Det spørst om eg skal prøve å ta dette opp med Heatit. Det er absolutt ikkje noko greitt å ha det slik.

1 Like