Problem med Zigbee-rekkjevidde

Eg har akkurat installera ein EasyAccess-lås med Zigbee-modul som eg slit veldig med å få kontakt med. Den står (viss eg tek godt i) kanskje åtte meter frå smarthuben i luftlinje, gjennom to tregolv med vassboren varme. Næraste andre Zigbee-eining er ein Develco veggplugg kanskje fire meter unna i luftlinje (med eitt tregolv mellom pluggen og låsen).

For å få inkludera låsen så måtte eg flytte smarthuben heilt inntil (ein snau meter ifrå), men eg trudde at den då ville klare å kommunisere via mesh i etterkant. Det ser ikkje slik ut. Eg har fått absolutt null kontakt med låsen etter inkluderinga for nokon dagar sidan.

Er det nokon som har noko tips til kva eg kan forsøkje å gjere for å løyse problemet? Zigbee skryter trass alt av ei rekkjevidde på 75-100 meter innandørs. Eg er van med at produsentane kjem med skrytetal, men viss ikkje ein gong 10 % av dette er realistisk så er det ikkje stort å rope hurra for…

Eg har prøva å rote noko rundt i Thingsplex for å sjå om der er noko å gjere, men eg har ikkje funne ut av noko så langt.

1 Like

Hadde av det samme problemet med en røykvarsler i boden. Når den falt ut måtte jeg også linke den til FH helt på nytt hver gang. Jeg satte opp en dummy lampe med ikea trådfri pære på soverommet som ligger i mellom FH og uteboden. Koblet denne mot FH. Det hjalp hos meg. Det kan også være mye støy på 2,4ghz båndet hjemme hos deg, om du har hue i tillegg kan du endre kanal på den. Du kan også prøve å endre kanaler/deaktivere andre enheter som bruker 2,4ghz for å se om det er annet som skaper trøbel (f.eks desktivere/endre kanaler på 2,4ghz på trådløse nettverket, blåtann som er aktivert på pcer, høytalere osv som er i nærheten)