Snodig oppførsel frå Heatit Z-TRM2fx

Me har ein Heatit Z-TRM2fx som oppfører seg snodig. Alle dei andre termostatane våre av same typen syner målt temperatur (frå golvsensor) i displayet, men denne eine syner settpunkt. Eg har prøva å endre dette med å setje parameter 14, lengd 1, verdi 0 i høve til brukarrettleiinga. Det hjelper ikkje.

I tillegg ser eg at alle kanalar er oppdatera sist no for nokre minutt sidan, med unntak av kanal 1 som ikkje er oppdatera sidan 27. juli.

Er ikkje dette noko underleg? Kan han vere defekt, tru? Han har vore ekstra vrien å ekskludere/inkludere heilt sidan han vart installera. Han har nyaste fastvareutgåva (3.6) viss det er relevant.

@espen, har du no gode teoriar her? :blush:

Merkelig :thinking:
Har du forsøkt å endre parameter 14 til “det du ikke ønsker” og deretter til det du ønsker?
Hva er det som ikke har oppdatert seg på kanal 1?
Har du prøvd “update” fra TP, eventuelt en ekskludering og deretter inkludering?

1 Like

Verdi 0 er setpunkt. Du må velge verdi 1 for målt temp😊

1 Like

Då har me tydelegvis to ulike manualar… :joy:

Denne gjeld for fastvareutgåve 3.6, som eg har. Men kanskje det er ein skriveleif ute og går her…? Eg skal no i alle fall prøve å setje verdi 0 når eg kjem heim og sjå kva som skjer. :blush:

Sjå der ja!
@lgrubbmo På første side, hvilken fw står i manualen din?

Dette er for firmware 3.4.
Mulig det kan være en skrivefeil ja. Synes det er rart om de har switchet om på disse parametrene i firmware🤔

1 Like

Ja, eg tenkte det same. Kva i alle dagar skulle ha vore grunnen til å byte rundt på dette? Eg prøvar med 1 i staden for 0 når eg kjem heim att, så ser me om ikkje det gjer susen. :slight_smile:

1 Like

Då har eg sjekka med Heatit. Dei stadfestar at dette er ein skrivefeil i brukarrettleiinga til versjon 3.6. :slight_smile: Så då spørst det om ikkje det fungerer heilt fint når eg set parameter 13 til verdi 1. Eg stussar likevel noko på dette med at kanal 1 ikkje ser ut til å oppdatere seg, men eg skal teste litt og sjå om alt ser ut til å fungere greitt. :slight_smile:

2 Likes

Det fungerte å setje parameter 14 til 1, så det var altså berre ein skrivefeil i den nyaste brukarrettleiinga til Heatit som var feilkjelda her. :+1:

1 Like