To stykk Futurehome modusbrytar til sals (gamal type, EnOcean)

Sidan me no har fått denne kategorien så tenkte eg at eg like godt kunne innvie han! :wink:

Etter at eg skifta til den nye typen (Z-Wave) modusbrytar så har eg to stykk til overs av den gamle EnOcean-typen. Båe to er fint bruka i eitt års tid eller der ikring.

Eg begynner på kr 500,- per stykk, men viss nokon vil ha båe to så kan me sikkert kome fram til ein liten “kvantumsrabatt”. :blush:

1 Like

Sidan det ikkje har vore så mykje interesse så langt så prøvar eg meg på kr 400,- per stykk (og prisen kan framleis diskuterast ved kjøp av båe to). Hugs at desse kan brukast med ny hub òg, viss ein har USB-montera EnOcean-antenne. Dei må ikkje brukast som modusbrytarar heller, dei kan fungere som vanlege EnOcean-brytarar òg (Eltako FT55). :slight_smile: