Fibaro Dimmer 2 som slår seg av og på av seg sjølv i hytt og pine

I dag har der oppstått eit noko snodig problem hjå oss. Eg har i alle fall aldri opplevd liknande.

Me har hatt ein Fibaro Dimmer 2 som har vore tilkopla eit ubruka takstikk over lenger tid (den har altså vore tilkopla FH, men ikkje vore i bruk på kanskje eitt års tid). I dag fekk eg endeleg skrudd opp den taklampa som skulle vere tilkopla dette stikket. Ei stund etter at lampa var montera og sett i stikkontakten så begynte ljoset å slå seg av og på av seg sjølv i hytt og gevær.

Eg har køyrt tvungen kalibrering (parameter 13, lengd 1, verdi 2 - har Bypass), og eg har prøvd å ta sikringa. Ingenting av dette har hjelpt. Pæra som står i lampa er ei vanleg SG E27 Dim to Warm som me har i stort sett alle andre lamper i huset, og denne har aldri skapt problem opp mot Dimmer 2 før.

Nokon som har opplevd noko likande og/eller har den ringaste idé om kva som kan vere gale…? :thinking:

Kan det være en gammel automasjon som ligger aktiv? At du f.eks har hatt lys på ved bevegelse tidligere, og at bevegelsessensor den var koblet opp mot nå er montert i et annet rom?

1 Like

@lgrubbmo, eg trur du er inne på noko sentralt her! :+1: :+1:

Eg gløymde å seie i det opphavlege innlegget at eg hadde gått gjennom automasjonane. Likevel, etter at eg las innlegget ditt så begynte eg å tenkje noko. Då kom eg på at kona hadde sagt at ljoset gjekk av og på medan eg heldt på med noko ved ytterdøra. Eg tok ein sjekk, og jau då, når den eine av to Aeotec MS6 i gangen registrerer rørsle, så tennast dette eine ljoset på kjøkkenet. Så snart rørsle ikkje er registrera lenger går det av att.

Det snodige er at dette gjeld berre ein av to rørslesensorar i gangen, og eg finn ingen spor av det verken under automasjonar eller Thingsplex… :thinking:

Det einaste eg har av teoriar er dette: Eg hadde den gamle smarthuben og den gamle appen då alt dette vart sett opp. Sidan eg ikkje har bruka denne Fibaroen her etter at eg skifta til ny hub og app så kan det kanskje hengje att noko automasjonsopplegg frå “gamle dagar”? Eg meiner eg har lese om noko slikt tidlegare, enten her på forumet eller på Slack. Viss så er tilfelle så er dette kanskje noko eg ikkje kan få sletta sjølv, men må ta med FH support?

Uansett er det så snodig at det skal berre slå ut ved registrert rørsle på ein av to sensorar i same rom, og attpåtil når sensor og ljos ikkje er i same rom ein gong… Eg trur ikkje eg har bytt rundt på desse, men eg kan ikkje utelukke det heilt heller.

Jeg tror nok det er svaret ja. Hvis du nå har den nye huben med zigbee, så kommer du ikke inn for å få slettet det i gammel app. Regner med support klarer å løse det hvis du kontakter dem👍🏻
En annen løsning kan kanskje være å ekskludere og inkludere dimmeren på nytt

1 Like

Trur eg prøvar brukarstøtta fyrst. Takk for hjelpa, og god romjol! :blush::christmas_tree::cloud_with_snow:

Nei, no skjønar eg lite og ingenting… :sweat_smile:

Eg tala med FH på telefon tidlegare i dag. Dei finn ingen gamle automasjonar som kunne ha forårsaka dette problemet.

Eg har dobbeltsjekka både automasjonane i appen og dei flowane eg har i Thingsplex som involverer den aktuelle multisensoren. Her er ingenting å finne.

Så sjekka eg om multisensoren på ein eller annan måte kunne vere assosiert opp mot Fibaroen. Det var den heller ikkje.

Kva i alle dagar kan det då vere som gjer dette…? :thinking:

Eg veit at “standardløysinga” på dette tidspunktet vil vere å ekskludere multisensoren og inkludere den på nytt. Det har eg ikkje lyst til å gjere av to grunnar: For det fyrste så plagast eg for tida veldig med inkludering av Z-Wave-einingar. Eg er redd for at viss eg ekskluderer denne så får eg den ikkje inn att, eller må bruke urimeleg mykje tid på det. For det andre så vert det noko for enkelt for min smak. Her er det noko som skjer som ikkje skal skje, og eg har lyst til å forstå kvifor.

@espen, du har vore borti mykje rart i di tid i FH, veit eg. Nokon gode idear her? :slightly_smiling_face:

Dette var merkelige greier :see_no_evil: Er det er generelt problem med inkludering av z-wave for tiden? Jeg har kjøpt en danalock som huben ikke finner, selv om den ligger oppå huben :sweat_smile:

Problema med inkludering kjem nok mest av at me har 130 pluss Z-Wave-einingar tilknytte smarthuben… :grimacing::dizzy_face::joy:

Hei @Torfinn !
Sender deg en melding så kan vi undersøke :slight_smile:

1 Like