Brannvarslar med utropsteikn og meldinga "smoke_test"

Etter siste oppdatering av appen (beta) får me opp eit utropsteikn og meldinga “smoke_test” på ein av brannvarslarane våre (SDCO). Viss eg går inn på sjølve varslaren så får eg opp dette:

Er det nokon som veit kva dette skal tyde? Eg har aldri utført nokon røyktest, verken på denne eller andre varslarar.

I hovudbiletet i appen så står det at alt skal vere OK i høve til brann- og lekkasjevarsling.

No forsvann plutseleg denne feilmeldinga att like brått som ho dukka opp. No står det berre “røykprøving aldri utført” på den aktuelle varslaren… :thinking:

1 Like

Samme problem her. Ble det bare borte hos dere?

Heisann!

Eg hugsar ikkje heilt korleis det gjekk til hjå oss. Enten så forsvann det av seg sjølv eller så var det etter ein runde med “poll” og “clear”. Denne meldinga har eg i alle fall aldri fått verken før eller seinare. No står det berre “røykprøving aldri utført” på alle våre, og ikkje noko utropsteikn/feilmelding.

Hmm. Ok. Takker

Får prøve meg litt på det i morgen da. Uaktuelt å tukle med brannalarm når folk har lagt seg. Vet jo aldri når alarmen kan finne på å gå av.

1 Like

Nei, brannalarmsystemet tuklar eg ikkje med utan at kone og born er ute av huset… :joy:

1 Like