Problem med å lagre verdi for ParallelExecution

Hei og godt nyår! :blush: :snowflake: :dizzy: :boom:

Eg hadde ein flow som eg ikkje fekk til å fungere skikkeleg. Etter ein del feilsøk såg eg at ParallelExecution stod på “parallel”. Dette tykte eg var rart, for eg var heilt sikker på at eg hadde sett han til “keep_last”.

Uansett så endra eg til “keep_last” (via det grafiske grensesnittet), lagra og gjekk ut av flowen.

Likevel så virka det ikkje. Eg gjekk inn i kjeldekoden enno ein gong, og jammen meg stod han ikkje på “parallel” enno. Eg endra det enno ein gong (på akkurat same måte som sist). Denne gongen vart endringa varig, og no fungerer flowen som han skal.

Er det nokon andre som har opplevd liknande problem med å lagre endringar i denne verdien?

Hei og godt nyttår :slight_smile:
Lagret du først i “pop-up” vinduet og deretter nederst i flowen? :slight_smile: Viktig at det lagres begge steder, og har selv ikke opplevd det du beskriver - men skal følge med litt :slight_smile:

1 Like

Godt nyår! :blush::sparkler::snowflake::fireworks:

Ja, eg veit at eg lagra båe plassar båe gongene. Eg var veldig påpasseleg med akkurat det, elles hadde nok det vore feilkjelda. :blush:

1 Like