Aeotec MS6 melder rørsle i hytt og pine

Me har ein Aeotec MS6 som har meldt rørsle i hytt og pine medan me har vore borte nokon dagar no.

Eg veit at der ikkje har vore noko aktivitet i rommet der den står. Den har ikkje gjort slik før, og eg veit ikkje av at me har endra noko spesielt i det aktuelle rommet i den seinare tid.

Er det nokon som har erfaring med ting som kan utløyse slik falsk rørsle? Ljos, lyd, fukt, temperaturendringar…? Me har mange slike, men eg har berre sjeldan opplevd falske rørslemeldingar, og aldri i slike mengder.

Er det noko eg kan prøve, eller er det berre å køyre i gong med reklamasjon her, tru? :blush:

Prøv å blokker bevegelsesdetektoren med f.eks en pappbit å teip. Se om den fortsetter da å rapportere bevegelse. Refleksjoner fra vindu kan gi bevegelse på sensor. Jeg har en Fibaro som rapporterte bevegelse i hytt å pine, vinklet den slik at vindusglasset var i ytterkant av oppdagelsessonen. Ikke hatt noen problemer siden.

2 Likes

Det var ein god idé, det der skal prøvast! :grinning::+1:

Hei @Torfinn!
Har du fått noe resultat av dette forsøket? :smiley:

Hei, @Anders! Eg har ikkje vore heime sidan dette innlegget vart skrive, så eg har ikkje fått gjort noko meir med det enno. Eg kjem heim seint torsdag kveld, så til helga får eg kanskje prøva. :blush: :+1:

1 Like