Falske varsel om låg temperatur frå Aeotec MS6

Eg får slike varsel som dette her i tidslinja med ujamne mellomrom:

Det er Aeotec MS6 på fast straum det er snakk om. Forskjellige sensorar kvar gong. Er det nokon andre som opplever det same?

Får det en sjelden gang på Neo Cool Cam sensorer.

1 Like

Eg får desse her heile tida no, stort sett i alle fall ein gong i veka.

Det er både høge og låge temperaturar, som skjermbileta viser.

Ingen andre som har det slik? I så fall får eg sende ein E-post til support, men viss det er fleire som er plaga med det same så lagar eg heller ei sak på Canny. :slight_smile:

Ikkje akkurat det samme, men eg har opplevd ekstremt høge enkeltmålingar (30000 dvs max) på lysintensitetsnivå (MS6 på fast straum og oppdateringsfrekvens 1/minutt), til og med til fast tidspunkt på dagen.

Har du sett om samme målingane blir rapportert i Thingsplex Analytics? (sjekk max/min samanlikna med median) For min del ser eg at problemet har gitt seg, i og med at siste gong den rapporterte så høge tal var i midten av april. (For alt eg veit kan målingane ha vore reelle, men at sola no står høgare på himmelen og ikkje lenger lyser like rett på sensoren som står montert på sørveggen.)

Eg har også opplevd symptomet du rapporterer, men då med MS6 montert utendørs på balkongen, ved faktisk temperatur <0. Irriterande nok at FH ikkje let deg deaktivera varsel på rom du ikkje er så opptatt av, men for min eigen del løyste eg det ved å deaktivera temperaturmåling med parameterendring.