I dag oppdaga eg to stykk Aeotec MS6 som hadde hengt seg opp (tidspunkt for siste rørsle oppdatera seg ikkje).
Eg trykte “clear” for å nullstille dei, og så “poll” for å oppdatere dei, men no står dei med raudt utropsteikn og “ingen data” på alt. Det er fleire timar sidan eg prøva fyrste gongen.
Har ikkje prøva å kople dei frå, nei. Kunne helst tenkje meg å sleppe, for å vere ærleg, for dei er montera i Recessor på noko knotete plassar…
Ser dei ikkje har fått noko data enno etter å ha stått slik over natta. Eg får “OK” på signal, så FH skal ha kontakt med dei. Det er ikkje noko lurt ein kan prøve via Thingsplex for å sparke liv i dei?
@espen, eg løyste det på ein noko alternativ måte: Eg tok sikringane til dei respektive multisensorane… Det løyste problemet, så takk for tipset! Er dette ei kjend problemstilling? Det hadde vore greitt å kunne løyse problemet med noko mindre drastiske tiltak viss det skulle skje att.