Bryter/aktuator med 2-polt brudd?

Ja eg skjønte ikkje heilt kva du ville oppnå. Eg vil på førehand advara og be om orsaking for den morbide skildringa men litt av hensikten med to-polt brudd er vel nettopp å kunna fysisk venda og visuelt inspisera at brytaren står vendt mot 0 og dermed vera trygg på at hårfønaren er fråkobla nettet innen du begynner å ta ei seriøs vurdering om du skal ta ta sjansen på å hala kona ut av badekaret… :cold_face:

No er det ein gong sånn at mange baderom og uteområde har installert to-polt brudd uten at det nødvendigvis er eit krav ihht. gjeldande standard og uten at det nødvendigvis reduserer risiko i nevneverdig grad - om du ikkje har elektrisk utstyr, lampar eller uttak i nærleiken av dusj/bad/vatn kan du evt. drøfta med elektrikaren din om det kan vera ein ide å fjerna heile det to-polte bruddet - dette kjem heilt an på din spesifikke situasjon men kan altså vera ei muligheit :wink:

NB: Eg vil understreka at eg trass ingeniørutdanning slett ikkje er nokon fagmann. Denne posten er basert på erfaringar frå diskusjonar med elektrikar vedr. mitt personlege elektriske anlegg, bad og balkong. Ein kan spyrja seg om i heile tatt diskusjonar om to-polt brudd høyrer heime i dette forumet men eg opplever at det truleg berører mange i samme situasjon (meg sjølv inkludert) så håpar dette fungerar til generell opplysning og advarsel og ikkje til inspirasjon. Mi endelige løysing er for øvrig allereie delvis dokumentert på dette forumet: Inspirasjonstråd