Feil på Aeotec Garage Door Controller

Eg har ein Aeotec Garage Door Controller som har fungera fint heilt til i går. Då slutta han å reagere på kommandoar, både via app og fysisk knapp på sjølve boksen.

Når eg prøvar å opne eller stengje porten så kjem der eit lite knepp frå Aeotec-en, men ingenting skjer. Porten fungerer som normalt ved bruk av original fjernkontroll. Status oppdaterer seg korrekt i appen.

Eg har prøva å ta straumen på Aeotec-en, men det hjelpte ikkje. Leidningane sett ut til å sitje som dei skal.

Er det nokon som har opplevd noko liknande og har nokon idear, eller luktar det reklamasjon her?

Har du måleinstrument så du kan måle utgangen på den?
Kan kanskje høres ut som releet har havarert.

2 Likes

Ja, eg har multimeter. God ide, det skal eg gjere når eg kjem heim. :slight_smile:

1 Like