@Super-Ted Ok. Ja eg laga meg eit tilsvarande bad i fjor, med golvfølar. Elektrikar stussa ikkje på det.
Men dvs, du har eit golv som blir fort varmt og fort kaldt då, samanlikna med støpte tjukke golv der du i den kalde årstida kan magasinere opp varme dei billegaste timane på natta og nesten ikkje bruke straum på dagen. .
Etter at du har fått kontroll på at termostat viser ca rett temperatur så ville eg ha prøvd følgjande oppsett med justering av temperatur framfor å slå av og på. Då unngår du at du får ei voldsom opphenting visst temperaturen går for lavt etter mange timar av. Så ikkje ha for store intervall.
Lag ein prisautomasjon for kvar modus (natt, heime, borte, ferie)
F.eks Heime: Hvis pris er 5% over snittpris så sett temperatur til 20C, ellers 22C
Borte: Hvis pris er 5% over snittpris så sett temperatur til 17C, ellers 19C.
Og tilsvarande for natt.
Kva temperatur du vil ha i dei ulike modus må du bestemme sjølv
På denne måten får du senking når du søv eller er borte, og du kuttar pristoppane uansett når dei er på døgnet.
Straumprisautomasjon kjører kun på heil time (tt:00), så om du vil overstyre på visse tidspunkt, feks. ha to grader høgare på morgonkvisten så kan du legge inn ein automasjon kl tt:01 så vil den overstyre neste 59 minutta før prisautomasjon slår inn igjen på heil time.