Snodig feil med assosiasjonar som har oppretta seg sjølve

Heisann!

Eg har i lengre tid hatt problem med ein Fibaro Dimmer 2 som slår seg på når ein bestemt Aeotec MS6 oppdagar rørsle, utan at den skal gjere det. Problemet oppstod ut av det blå, utan at eg hadde gjort nokon endringar på nokon av desse to einingane. Eg har hatt mistanke til at dette har hatt noko med assosiasjonar å gjere, sidan eg ikkje hadde nokon automasjonar som kunne vere aktuelle syndarar. Eg sjekka dette i ThingsPlex, men kunne på dåverande tidspunkt ikkje finne nokon aktive assosiasjonar der. I dag bestemte eg meg for å ta ein ny kikk via appen.

Som referanse så er her eit bilete av ein tilfeldig, “normal” MS6 når ein hentar opp assosiasjonane for gruppe 1:

Som de ser så er denne berre assosiera mot smarthuben (1_0), slik eg hadde venta.

Når det gjeld den problematiske MS6-en så såg det slik ut:

Her var det plutseleg ein haug med assosiasjonar i hytt og pine, mellom anna til den Dimmer 2 som eg har slite med.

Då eg sletta alle assosiasjonar utanom 1_0 så slutta ljoset å gå på ved rørsle, så det var heilt tydeleg at eg hadde funne problemet.

Spørsmålet er korleis dette kan ha skjedd? Eg har aldri prøva å lage nokon assosiasjonar med nokon av desse eningane på noko som helst tidspunkt… :sweat_smile: Altså må systemet ha klara å gjere det sjølv, men korleis skal det kunne ha gått til? :thinking:

Eg har av og til hatt nokon snodige småproblem i systemet der ting ser ut til å ha innvirka på kvarandre sjølv om dei ikkje skulle kunne gjere det. No lyt eg kanskje sjå over alt eg har, at der ikkje er nokon ukurante assosiasjonar ute og går.

Er det andre som har opplevd noko liknande?

Oi, dette var en snodig feil :thinking: Selv med lengre fartstid i support har jeg aldri hørt om liknende.
Jeg skal melde det videre her, slik at noen får undersøkt det. Jeg er også nysgjerrig på om andre her har opplevd noe liknende!

1 Like