Tilbakemelding på ny modusbrytar

Eg veit eg har gnåla ein del om den nye modusbrytaren til FH på Slack tidlegare, og ynskjer ikkje å dengje ein daud hest, som dei seier over dammen. :stuck_out_tongue_winking_eye: Likevel kan eg ikkje halde meg for å kome med nokon innspel til. :wink: Fyrst av alt, ta ein kikk på dette biletet her (ny Z-Wave-brytar til venstre og gammal EnOcean-brytar til høgre):

Eg ser føre meg eit eksperiment der ein hadde stoppa tilfeldige folk på gata, og sagt at ein skulle vise dei to ulike brytarar som var laga for å setje eit smarthus i fire ulike stillingar: Heime, borte, natt og ferie. Gje dei så ti sekund per brytar på å forklare kva for ein knapp som gjer kva.

No har eg ikkje gått så vitskapeleg til verks som dette, det skal seiast. :joy: Likevel så kjenner eg meg rimeleg sikker på utfallet. Den gamle brytaren var etter mitt syn særs intuitiv. Eg tør påstå at både små ungar og gamle folk utan datakunnskap vil ha få eller ingen problem med å skjøne seg på denne. Den nye, derimot…

For det fyrste så er ikona mykje mindre og (etter mitt syn) alt for detaljerte/“rotete” i høve til storleiken. For det andre så er spesielt borte og ferie alt for like (og dag og natt kan òg vere knotete nok å skilje mellom i halvmørkret). No er det eit par veker sidan eg sette inn den nye modusbrytaren, og både kona og eg står framleis og mysar på han i nokon sekund kvar gong me skal skifte modus for å unngå å trykkje på feil knapp. Med den gamle behøvde me knapt å tenkje ein gong.

Eg skjønar at de har gått for ein bestemt visuell stil i appen, og at de ynskte å ha ein modusbrytar med den same stilen. Greitt nok. Likevel meiner eg at dette rett og slett er skivebom i høve til intuitiv og brukarvenleg utforming.

Ein siste ting: Eg synest innfestinga som fylgjer med verkar særs spinkel med tanke på at brytaren lyt demonterast og monterast att med jamne mellomrom for å skifte batteri. Eg ser ikkje føre meg at desse tynne, små plastikk-mothakane kan tole mange “syklusar” med demontering-montering før dei ryk tvers av. I tillegg så får eg ikkje den brytaren eg har montert til å hengje skikkeleg fast, innfestinga var særs fintfølande med tanke på å klikke på plass som ho skal. Brytaren heng no så nokolunde fast, men eg trur han hadde ramla ut viss eg hadde dunka halvhardt i veggen med knyttneven…

Beklagar viss dette verkar som surmuling frå mi side, for det var ikkje meininga. Eg ynskjer berre å kaste ljos over det eg meiner er enkelte svakheiter med desse brytarane, både i design og montering, slik at de vonleg kan ta dette med dykk som forslag til forbetringar når neste utgåve skal lanserast. :slightly_smiling_face: :+1:

1 Like

Enig angående merking - ville heller at de gamle ikonene hadde blitt modusknapper i appen, enn at ny bryter fikk ikoner lik de som nå er i app.

Hva gjelder byggekvalitet er jeg rimelig sikker på at dette er heatit eller namron -trolig førstnevnte -og da tror jeg FH har lite påvirkning rundt dette. Her har det trolig blitt tatt en vurdering der disse trykkmessig er mye mer responsiv enn zwave.me/pop bryterne som FH en gang vurderte som ikke gode nok for modusbrytere. De kan såklart ta dette videre med heatit/thermofloor men tviler på at det endrer noe derfra.

1 Like

Nå har ikke jeg den nye modusbryteren, så jeg kan ikke uttale meg om byggekvalitet osv. MEN, det jeg synes er merkelig er at de har valgt å endre plassering på knappene for borte- og nattmodus.
Vil tro at de fleste er som meg og trykker på vane uten å se på symbolet på knappene.
Kan se for meg at de som har gått over fra gammel til ny modusbryter trykker på feil modus ganske mange ganger :see_no_evil:

1 Like

Jau, eg er klår over at FHs modusbrytar er av same fabrikat som Heatit/Namron. Desse har sikkert same problemet.

Eg trur ikkje eg kjem til å gjere nokon større innsats for å prøve å få desse til å endre designet sitt. :joy: Eg ville berre nemne dette som noko som framstår for meg som eit svakt punkt for ein ting som ein må rekne med å demontere/montere fleire gonger i løpet av levetida for batteriskift.

Noko eg kunne tenkt meg hadde vore ei god løysing var viss desse rett og slett hadde vore festa i braketten med magnetar. Så kunne ein enkelt montert dei inn og ut etter behov, og då var der ingen plastikk-splintar eller liknande som kunne svekkast over tid og knekke.

Nå ja, kanskje neste gong. :wink: Vonleg er FH då såpass store at dei kan designe sin eigen modusbrytar frå grunnen av og ta omsyn til dette. :blush:

1 Like

“Been there, done that, got the T-shirt!” :stuck_out_tongue_winking_eye: :joy:

Kanskje, om du er villig til å ofre en - så lage en med prototype med magneter i rammen? Slik som hue sin bryter? Jeg har faktisk noen magneter der jeg kunne gjort dette :wink: men skal foreløpig bruke de med vegghengt nettbrett for penest mulig oppheng (limer magneter på brett, og skrur motpart på vegg)

1 Like

Akkurat, så Hue brukar ei slik løysing per i dag? Og så eg som trudde eg hadde kome på noko nytt og revolusjonerande no… :crazy_face: :joy:

Eg gjer nok ikkje noko med mine før dei eventuelt går sund, noko eg tippar skjer ved fyrste eller andre batteribyte… :wink: Då kunne det kanskje vore moro å prøve å få til ei løysing med magnetar. Meir elegant enn å teipe han fast att, i alle fall! :sweat_smile:

1 Like

Ja, de har 2 magneter i rammen og inni bryter -fjernkontroll varianten med 4 knapper. Har 3d printet en elko adapter til min - og der vippet jeg av magnetene, og satte de over i adapter som hadde utsparing for det :wink:

Absolutt😅

1 Like