Tråden for nye/kommande Z-Wave- og Zigbee-produkt

Eg tenkte kanskje det kunne vere greitt med ein samletråd her på forumet der me kan poste nye og kommande Z-Wave- og Zigbee-produkt som kan vere av interesse for oss FH-brukarar. :slight_smile: Diskusjon rundt desse produkta er òg godt innanfor føremålet med tråden. :wink:

Eg kan begynne med denne her, frå Heatit:

16 A brytarpille med Z-Wave 700-brikke. Høyrast ut som eit greitt og framtidsretta produkt! :+1:

3 Likes

Eg hadde ikkje fått med meg i farten at Aeotec har laga ein MultiSensor 7:

Her er ein del interessante forbetringar ut over berre Z-Wave 700. Rekkjevidda på rørslesensoren er over dobla, og det same gjeld den trådlause rekkjevidda for Z-Wave. Der ser òg ut til å vere større spelerom med tanke på kalibrering.

Ein annan ting som høyrast interessant ut er funksjonen “Fail-safe communication”. Beskrivinga seier at “Z-Wave supervision ensures data successfully passed to gateway”. Dette er eitt av dei største ankepunkta eg har funne med Z-Wave så langt, nemleg at det sjølv om huben kan dobbeltsjekke at den har fått kontakt med dei individuelle einingane, så gjeld ikkje det same andre vegen. Altså, om ein låser opp ein lås eller slår på eit ljos så er det ingen garanti for at status i hub/app oppdaterer seg viss der vert eit lite hikk i kommunikasjonen.

Viss eg les dette rett, altså at nyare Z-Wave-einingar får ei innebygd rutine som sikrar at kvar enkelt eining får kontakt med huben, så begynner ting å verte interessante! :+1:

3 Likes

Hvordan er denne rapportering på Zigbee i forhold?

Det veit eg diverre ikkje. @diaa, viss du har tid og høve så er vel dette ditt fagfelt? :blush:

Litt bakgrunn for spørsmålet er at jeg ser at mine Zigbee enheter (Elko og Hue) gjør som de skal men hubben mister oversikten om de faktisk er på eller av. Usikker på om dette har skjedd i det siste eller om det er mangel på toveis rapportering som du beskriver over!

Hmm, interessant. Vonar nokon med meir peiling på Zigbee enn meg kan bidra med noko fornuftig. :+1:

Vi har et problem med at appen viser ikke riktig status hvis enheten er frakoblet av strøm, men dette er ikke akkurat det du beskriver. Skjer dette altid med Elko og Hue?

Hei, dette er tilfellet stort sett hver dag. Det ser ut til skje oftest med hue lampene som står på automasjon (på hver natt tid/astrour og av ved ved tid/astrour). Lampene lyser når de skal men hubben ser ikke til å få med seg når de skrur seg av igjen og viser på selvom lampen er av (og skal være det).

Dette høres veldig likt ut som den e feilen jeg har: Feil status på zigbee pærer | Voters | Futurehome