Ikkje riktig sikker på Telenor, men avhengig av om du bruker IPTV trur eg i prinsippet det skal vera mulig sidan Dream Machine (iallfall Pro versjonen som eg har) skal kunna emulera kva som helst mac-adresse (ergo etterlikna ruteren din ovenfor Telenor.
For min eigen del fekk eg den til å emulera Altibox-ruteren men eg måtte gi meg fordi eg uansett måtte hatt ein switch oppstrøms UDMen for å splitta opp signalet i eit VLAN for IPTV og ein kabel for internett.
Her er det berre å prøva seg fram, men når det er sagt er eg også veldig fornøyd med bro-oppsettet som blir anbefalt.
PS: Eg kjører IPTV kabelen gjennom ein UniFi switch inn på samme kabel som internett gjennom huset, og splittar det opp igjen i separat kabel for internett og TV med ein switch ved nettverksuttaket i stova. Pludrete oppsett som krev inngåande forstelse av Tagged og Native VLAN, og som eg ikkje evnar å repetera eller forklara her, men om det i utgangspunktet er Cat. kabel infrastrukturen i huset som gjer at du ynskjer å droppa Telenor ruteren så beviser det iallfall at det kan vera eit alternativ
Utstyr ved Altibox ruteren:
- UniFi Dream Machine Pro
- UniFi Switch 24 PoE
Utstyr i stova: - UniFi Switch Flex Mini
- Altibox TV-boks