Hei. Er det en type undermåler (hvis man har flere hus strømmen fordeles til) som kan monteres (ikke koblet til elverkets måler) og som støttes / anbefales av FH? Og som kan leses av både fysisk og i FH appen?
Det det er snakk om her en kårbolig på en gård som skal ha en egen avlesning.
Eg brukar den Qubinoen til å lese av straumtrekk for ein varmekolbe (3-fas, 230 V). Det fungerer som fjell. Du kan òg setje inn ein DIN-brytar som kommuniserer med denne via infraraude signal, slik at du kan slå tilknytt last av/på via appen, men det er gjerne ikkje så aktuelt i ditt høve.
Berre pass på at du får ein med nyaste fastvare installera, eller eventuelt ordnar dette sjølv før inkludering via Z-Stick eller tilsvarande. Eg hadde eit svare strev med å få denne til å fungere fyrst, og då var det gammal fastvare som var problemet.
Redigert: No såg eg at du ynskjer fysisk avlesing òg. Det støttar ikkje denne, du får det berre i appen. Eg veit ikkje om noko produkt av denne typen som har fysisk avlesing.
He he, no måtte eg faktisk ned i sikringsskåpet og sjekke…
Det er heilt rett som du seier, denne har ein liten skjerm. Den går på rundgang mellom alle verdiane dingsen måler, mellom anna kWh. Så då skulle denne vere heilt ideell til ditt bruk, så lenge du ikkje går over 65 A i straumtrekk.
Fantastisk! Vet du om man i FH kan sette denne som hovedmåler? Det er kun huset jeg ønkser å måle som har smarthus satt opp, så den vil i praksis fungere som hovedmåler.