Z-Wave-modul og byte av innedel på ID Lock 150

Eg har ein ID Lock 150 som eg lyt byte innedel på. Er det nokon som veit om eg berre kan ta ut Z-Wave-modulen frå den gamle innedelen og putte han rett i den nye utan å ekskludere/inkludere på nytt? Denne låsen er noko knotete plassera i høve til avstand frå smarthuben (og frå næraste nettverksuttak), så eg kunne tenkt meg å sleppe alt styret med ekskludering/inkludering viss mogeleg. :sweat_smile:

Byttet lås tidligere i år, og mener jeg bare flyttet modulen rett over.

2 Likes

Høyrast bra ut, då gjer eg eit forsøk. :blush: Det verste som kan skje er vel berre at det ikkje fungerer. :blush:

@Torfinn Gikk det greit å bare flytte modul over? :slight_smile:

Spør meg att mot slutten av veka, @espen. :wink: Eg er bortreist på jobb fram til onsdag, men tenkte å gjere eit forsøk så snart eg kjem heim. :slight_smile:

1 Like

@espen, beklagar sein respons, men eg fekk rett og slett ikkje ordna dette før no. Det er lett å berre utsetje og utsetje når det er snakk om ei kjellardør som skjeldan brukast i vinterhalvåret… :wink:

Det gjekk heilt fint å berre flytje Z-Wave-modulen rett over. Det fungera som det skulle utan at eg trong gjere noko som helst. :blush::+1:

1 Like