Zigbee interface vs. Z-wave

Vurderer å installera Zigbee i nytt hus, etter å ha brukt Z-wave tidligare. Kan eg venta same brukaropplevinga i Futurehome med Zigbee som eg er van med frå diverse Z-wave produkt? Finst det tilsvarande avanserte innstillingar, feks Parameters og Associations, og kor finn eg dokumentasjon på dette (Innan z-wave finst det eit vell av parametrar, og du må slå opp parametrarinnstillingar i brukarmanualen for kvart enkelt produkt - reknar med dette er noko av det dei prøver å løysa med nye Matter-standarden)? Vil programmering i Thingsplex fungera på tilsvarande måte som for Z-wave og vil eg kunna kopiera inn kildekoden frå gamle flows og berre endra device for å få dei til å fungera med eit Zigbee produkt?

Reknar med eg finn ut av alt dette så snart eg kjøper eit Zigbee produkt og prøver det ut, men i og med andre kanskje lurer på det samme tenkjer eg det ville kunna vera nyttig med ein tråd…

Parameter og assosiasjonar finst ikkje på Zigbee. Å bruke Zigbee i automasjonar og Thingsplex går heilt fint.

Ver òg obs på at der akkurat no er problem med at enkelte Zigbee-einingar ramlar ut av nettverket utan varsel. Spesielt veit eg (av eiga erfaring) at det gjeld Develco Smart Plug, men der kan vere andre produkt som slit med det same.

Du kan fylgje med på status i sistenemnde sak her:

https://status.futurehome.io/

Det betyr altså at ein er avhengig av at Hub er online (eller iallfall tilkopla straum) for å kunna styra ei zigbee eining frå ei anna? Litt uvant tankegang :stuck_out_tongue_winking_eye:, men på den andre sida reduserer det jo kompleksiteten på eit vis​ :+1:

Slik eg forstår det, så ja. Så er der vel nokon brytarar som kan parast med ei eller fleire ljospærer utanom hub (IKEA Trådfri og Phillips Hue, i alle fall). Så er eg på tynn is angåande kor vidt desse pærene kan vere para opp mot både smarthub og brytar(ar) på same tid.

Eg tykkjer sjølv at Zigbee gjev noko mindre mogelegheiter for finjustering og avansera løysingar enn kva Z-Wave gjer. På den andre sida tykkjer eg så langt at Zigbee-einingane har vore enklare å kople opp mot FH enn Z-Wave. :blush: