Viktig poeng å ha med seg dette - i motsetning til industri der alt frå enkeltkomponentar til system er optimalisert for å vera fail-safe (med alt det medfører av kostnader til nettstrøm, kabla nettverk, og redundans, redundans og atter redundans), så er vel z-wave protokollen designa frå grunnen for å kunna bli produsert til overkommelig kostnad og kanskje viktigst - for å fungera lengst mulig uten å skifta batteri…
For sikkerheitskritiske funksjonar (som feks inneber varmestyring) ville eg aldri ha basert meg på z-wave aleine - apparatet MÅ ha ein innebygd regulering som kuttar ved for høg temperatur og trass i at eg har smart plug på moccamasteren som kuttar straumen når eg forlet huset, skrur eg alltid av med brytaren i tillegg
Z-wave kan ha ein nyttig funksjon som “ekstra”-barriere - i tillegg til å regulera temperatur på ein smartare måte enn ein ellers kunne fått til, kan den kutta straumen på kaffitraktaren og potensielt avverga eit branntilløp når røykvarslaren detekterer røyk i rommet - men fail-safe blir det aldri når det skal selgjast til den prisen det har