Innspel til klistremerkeark frå Futurehome

For ikkje så lenge sidan så kom FH med desse her:

https://futurehome.odoo.com/nb_NO/shop/product/futurehome-klistremerker-2042

Eg tykkjer konseptet i seg sjølv er heilt genialt, for eg har ein haug med brytarar rundt om i huset som eg kunne tenkt meg å fått merkt på annan måte enn med Dymo og tekst. Men eg har eitt innspel: Eg tykkjer at der burde ha vore mange fleire av enkelte typar ikon. Dette meiner eg at ein kunne fått til med å fjerna enkelte andre, eventuelt tilbudt desse som eit eige produkt. Eller så kunne ein sjølvsagt berre auka storleiken på heile klistremerkearket.

Dei ikona som eg ynskjer meg mange av er ljospæra, vifta, støpselet og solskjerming opp/ned. Viss me skulle fått merkt alle dei ljosbrytarane me ynskjer i huset så måtte me sikkert kjøpt åtte-ti ark av dei noverande, der me hadde brukt berre nokre få klistremerke frå kvart ark og ikkje fått bruk for resten. Det vert litt for mykje sløseri etter min smak.

Når det gjeld andre ikon, slik som til dømes bombe, dassrull, mus, planet og gammal mann med stokk så ser eg ikkje føre meg det heilt store bruksområdet for vår del… :joy:

Kanskje der skulle ha vore laga eit eige ark med dei mest bruka ikona, for den del?

Eg tek dette her då eg tykte det ikkje heilt passa inn på Canny, og sidan der sikkert er andre enn meg som har meiningar om dette og ynskjer å kome med innspel. :slight_smile:

4 Likes