For ei tid sidan så la eg inn ein tråd på Canny der ein kan stemme viss ein ynskjer integrasjon mellom Futurehome og smarte dørklokker:
https://futurehome.canny.io/device-support/p/doorbell-support
Sidan denne tråden er heilt generell så kunne det vore moro å sett noko meir nøyaktig kva for dørklokke(r) folket her helst kunne tenkje seg å få støtte for? Kanskje er det òg greitt for FH-teamet å sjå kva brukarane ynskjer at dei skal prioritere fyrst.
(PS: Eg har laga det til slik at det går an å stemme på fleire enn eitt alternativ viss ynskjeleg. Eg tok med alle smarte dørklokker eg kunne kome på, men sei ifrå viss eg har gløymt noko. Eg veit ikkje om eg får redigert spørjeundersøkinga etter at den er laga, men i så fall så legg eg dei inn.)
- Nest Hello
- DoorBird
- Aeotec Doorbell 6
- Ring Doorbell
- Netatmo Smart Video Doorbell
- UniFi Protect Doorbell
0 voters