Vannbåren varme, styring

Hei, er det nokon som har erfaring med smart styring/regulering av vannbåren varme?

Eg tenkjer det burde finnast eit system som tilfredsstiller følgjande:

  • Interface/integrasjon mot Futurehome/Google home/App (Z-wave/zigbee/MQTT etc.)
  • Bruk av eksisterande z-wave/zigbee infrastruktur som repeater (for batteridrevne veggmonterte temperaturfølerar) (ekskluderer vel igrunn alle, bortsett frå HeatIt Z-water)
  • Trinnlaus regulering av aktuatoråpning (dvs ekskluderer HeatIt Z-water som er ein av/på regulator)
  • Gjerne med automatisk innlæring av reguleringsparametre ved innkjøring, ift. størrelse på rom etc
  • 24V, for bruk mot eksisterande aktuatorer (ekskluderer Roth Touchline SL)
  • Gjerne med muligheit for infraraud temp-måling (for badegolv)
  • 16 aktuatorar, per i dag er disse fordelt på 14 soner men eg kan til nøds redusera antall soner

Så langt har eg ikkje funne noko system som tilfredsstiller krava. Har foreløpig sett på:

  • Heatit Z-water
  • Danfoss Icon
  • Roth Touchline SL (Softline)
  • Uponor Smatrix Wave

Ettersom det ser ut til å bli vanskelig å finna eit system som tilfredsstiller alle krava tar eg gjerne også mot erfaringar med disse og! :slight_smile:

PS: Er klar over at “nattsenk” ikkje har den store gevinsten på vannbåren varme pga treig respons i systemet - grunnen til at eg ynskjer eit “smart” system er hovedsaklig for enkelt å kunna senka settpunkt frå app når eg drar bort for lengre periodar og heva opp igjen når eg er på veg heim.

Me brukar Heatit Z-TRM3 kopla direkte mot aktuatorane. Ein føresetnad for å kunne få til dette er sjølvsagt at du har mogelegheit for kabling mellom termostat og aktuator. Eg tenkte no uansett eg ville nemne dette som eit alternativ. :slight_smile:

1 Like

Ja det høyrest ut som ei elegant løysing - verdt å ta med i vurderinga for den som har trekkjerøyr tilgjengeleg eller skal byggja nytt. For min del har eg så mange soner uten stikk/trekkjerøyr at eg vil nok gå for ein trådlaus variant.

1 Like

Finnes det trinnløs styring av aktuatorer? min erfaring med vannbårenvarme aktuatorer er at enten får den strøm ellers så får den ikke strøm (av/på)Uansett er den kun åpen når du og termostaten vil det :wink: